Fordeling av straumrekning
Straumprisen er samansett av 3 delar: Kraftpris, nettleige og avgifter til staten.
- Kraftpris
Kraftprisen er betaling for straumen du brukar på anlegget ditt.
Fastprisavtale
Fastprisavtale er bindande ut avtaleperioden.
Spotprisavtale
Ved kjøp av kraft etter spotpris betalar du gjennomsnittleg omerådepris frå NordPool med tillegg av 1,8 øre/kWh + avgifter. Kontrakt kan oppseiiast med 3 vekers varsel. Forbruket vert fordelt etter profil. Spotprisavtale er bindande ut avtaleperioden.
Variabel pris
Med variabel pris fylgjer du til ei kvar tid marknadsprisen. Prisen kan endrast med 14. dagars varsel, og kontrakten har 3 vekers oppseiingsfrist. - Nettleige
Nettleige er betaling for overføring av kraft på linjenettet vårt fram til deg som forbrukar. I tillegg høyrer også fastbeløp til nettleige.
Luster Energiverk har monopol på transport av kraft gjennom eige leidningsnett. Vel du å kjøpe kraft frå ein annan leverandør, vil Luster Energiverk AS framleis fakturere nettleige.
Alle nettleverandørar har monopol, og me er regulert av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Dei avgjer kor mykje kvart einskild selskap kan tene på nettleiga. NVE stiller også krav om effektivisering av drifta. - Avgifter til staten
Avgifter til staten er for tida forbruksavgift med 11,21 øre, avgift til energifondet 1 øre/kWh og 25 % meirverdiavgift.
Eventuell endring i offentlege avgifter vil medføre tilsvarande endring i prisane våre.
















