Søk i Luster Energiverk


Søketips




Cruisebåt på Lustrafjorden

Foto Hans A Skagen

Luster Småkraft

Luster Småkraft AS – eit endå betre tilbod til lokale grunneigarar

Luster Energiverk AS og Småkraft AS vil samarbeide om å utvikle småkraftverk i Luster kommune. Dette skal skje gjennom eit nytt felles selskap - Luster Småkraft AS. Det nye selskapet vil vere lokalisert i Luster kommune.

Luster kommune er den kommunen i landet som, i fylgje NVE, har størst potensial for utbygging av småkraftverk.

Samarbeidet vil sikre lokale fallrettseigarar mulegheit til å velje ein samarbeidspartnar som kan utvikle falla på best muleg måte, samtidig som det sikrar størst muleg lokal verdiskaping.

Både Luster Energiverk AS og Småkraft AS har dei siste åra satsa tungt på småkraftutvikling. Luster Energiverk AS har ein sterk posisjon lokalt, medan Småkraft AS er den leiande og klart føretrekte samarbeidspartnar i Noreg. Småkraft AS har hittil avtalar med ca. 600 grunneigarar om utvikling av over 150 kraftverk med ein forventa produksjon på ca. 2000 GWh – dvs nok straum til ca 100.000 husstandar. I fellesskap sikrar vi effektivitet både i planlegging, bygging og drift – og dermed større prosjektverdi til grunneigarane.

Vi ser fram til å presentere vårt nye samarbeidskonsept til fallrettseigarane i Luster kommune.

Kontaktpersonar:
Anders Molland
Everksjef Luster Energiverk AS
Tlf 57 68 29 08 / 916 011 75

Rein Husebø
Administrerande Direktør Småkraft AS
Tlf 24 06 86 50 / 951 24 454 


Klikk på logo for å gå heim Logg inn for å redigere