Din energipartner
Mi side

Målaravlesing

Søk i nettstaden

Vêrvarsel for Gaupne
Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Skriv ut denne siden

Personvern

Respekt for personvernet Luster Energiverk respekterer ditt personvern. Opplysningar me samlar inn i ulike samanhengar her på våre nettsider, vil kun bli brukt til det formål som er oppgjeve og for å styrke og utvikle vårt kundeforhold til og kommunikasjon med deg. Under fnn du vår personvernerklæring. Om du nokon gong har spørsmål rundt ditt personvern, ta kontakt med oss.

Personvernerklæring

Personvern er ein grunnleggande rett som betyr at alle har rett til privatliv og til å kunne bestemme over egne personopplysningar.

Luster Energiverk AS tek hand om og vernar våre kundars personvern. Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knyttast til deg som kunde. Dømer på dette er namn, adresse, fødselsnummer, kontonummer, målarnummer og opplysningar om straumforbruk. Du skal føle deg trygg på at handteringa av dine personopplysningar skjer i samsvar med gjeldande regelverk, og at det blir satt i verk høvelege tiltak både teknisk og organisatorisk, slik at personopplysningane blir handtert sikkert og at behandlinga er dokumenterbar.

Behandlingsansvarleg

Luster Energiverk AS er ansvarleg for behandlinga av personopplysningar i forbindelse med alle tenester som blir levert av Luster Energiverk AS. Ved å bestille og ta i bruk våre tenester etablere et kundeforhold, som dannar lovleg grunnlag for behandling av dine personopplysningar.

Behandlingsgrunnlag

Personopplysningane blir brukt til å administrere ditt kundeforhold, gi deg de tenestene du har registrert deg for, gjennomføre leveransen og faktureringa. 

 

Luster Energiverk AS behandlar dei personopplysningane du gir opp når du registrerer deg hos oss og opplysningar som du på annan måte gir frå deg, for eksempel til din kraftleverandør. Eksemplar på personopplysningar som vi utvekslar med din kraftleverandør kan være fødselsnummer, namn, adresse, e-postadresse, mobilnummer og id knytt til ditt målepunkt/anlegg. Nettselskapet innhentar og lagrar ditt personnummer frå folkeregisteret.

 

Oppbevaring og lagring av personopplysningar

Vi oppbevarer personopplysningar i samsvar med gjeldande lovgjeving og sørger for tekniske og organisatoriske tiltak som gir tilstrekkeleg tryggleik for personopplysningane.

Personopplysningane dine vil bli lagra så lenge Luster Energiverk AS har et rettsleg grunnlag for dette, og under kvar omstende ikkje lenger enn det som føl av den til kvar tid gjeldande lovgjeving. Rettsleg grunnlag vil være avtale (Trykk her for nettleigeavtale) samtykke eller heimel i lov. Når Luster Energiverk AS ikkje lenger har rettsleg grunnlag for lagring av personopplysningar, vil opplysningane bli slettet eller anonymisert.

Utlevering av personopplysningar – teieplikt

Vi vil ikkje utlevere personopplysningar som gjeld deg eller nokon i same  husstand til utanforståande, unntatt når utlevering av personopplysningane skjer:

a.    Med samtykke frå den som opplysninga gjelder,

b.    Med heimel i lov eller forskrift gitt med heimel i lov,

c.    Etter pålegg frå ein domstol eller anna styresmakt, eller

d.    Som ledd i betalingsinnkreving mv. kor det føreligg saklege grunner.

 

Vi syner til standard nettleieavtale §15 om teieplikt.


Innsyn og rettar

Du har til kvar tid rett til innsyn i dei opplysningar som Luster Energiverk AS har registrert om deg. Du kan også kreve retting og sletting av personopplysningar i samsvar med gjeldande lovgjeving.