Din energipartner
Mi side

Målaravlesing

Søk i nettstaden

Vêrvarsel for Gaupne

18:00 - 00:00 1 ° 0 mm

Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Skriv ut denne siden

Etiske retningslinjer for Luster

Luster Energiverk sin etikk byggjer på ei erkjenning av at det er positiv samanheng mellom god etikk og resultatet til selskapet.

 

Hovudmålet for Luster Energiverk sine etiske retningslinjer er å skapa felles haldningar til korleis selskapet skal drivast, slik at eigarar, kundar, tilsette, offentlege myndigheiter og så vel samarbeidande som konkurrerande selskap til ei kvar tid har tillit til selskapet sin profesjonalitet og integritet.

 

Luster Energiverk ynskjer å vera eit selskap der alle

  • er ærlege, rettskaffne og tek omsyn
  • er lojale mot måla for selskapet si verksemd
  • følgjer opp og set i verk vedtak som blir fatta
  • unngår bi-verv som kan føra til lojalitetskonflikt
  • er merksam på at kvar enkelt representerer Luster Energiverk

 

Luster Energiverk ynskjer å ha eit arbeidsmiljø der alle trivst og gjer ein god jobb ved at alle

  • hjelper, oppmuntrar, støttar kvarandre og viser kvarandre respekt
  • er opne for forandringar
  • deler kvarandre sin kunnskap, ferdigheit og informasjon
  • samarbeider

 

Luster Energiverk ynskjer at selskapet forblir uavhengig ved at alle

  • unngår å motta noko form for økonomisk fordel frå nokon av Luster Energiverk sine kontaktar utover vanlege helsingar i tilknyting til f.eks. jul eller spesielle høve
  • underrettar overordna dersom ein mottek eller blir tilbydd ei gåve av vesentleg verdi
  • avstår frå ei kvar form for påskjønning i tilknyting til forhandlingar eller for ein bestemt kontrakt eller åtferd frå selskapets side
  • unngår å gi forretningssamband og kundar gåver i samband med kontraktsforhandlingar og høgtider.
  • unngår å motta noko form for økonomisk fordel frå nokon av Luster Energiverk sine kontaktar utover vanlege helsingar i tilknyting til f.eks. jul eller spesielle høve

 

Luster Energiverk ynskjer å ha fornøgde kundar som har tillit til selskapet ved at alle

  • er serviceorienterte og tek felles ansvar for einkvar kunde
  • respekterer kundane sine ynskjemål og er profesjonelle ved utføring av alle arbeidsoppgåver
  • overheld inngått avtale

 

Luster Energiverk ynskjer å hindre at konfidensielle opplysningar og opplysningar gjeve i fortrulegheit kjem på avvege ved at alle

  • respekterer fortrulege opplysningar
  • hindrar at andre får tilgang eller kjennskap til det dei sjølv, i tilknyting til arbeidet, har fått veta om nokon sitt personlege forhold
  • hindrar at andre får tilgang eller kjennskap til tekniske innretningar og framgangsmåtar samt drifts- eller forretningsforhold som det vil vera av konkurransemessig betydning å halde hemmeleg.

 

Luster Energiverk ynskjer å sikra ei mest muleg objektiv og upartisk saksbehandling ved at alle

  • varslar sin næraste overordna straks vedkommande blir oppmerksam på at ein habilitetskonflikt kan oppstå
  • er merksame på alle forhold som kan vere eigna til å svekke tilliten til vedkommande si uavhengigheit.