Søk i Luster Energiverk


Søketips




EL-Sertifikat. Kva betyr det for deg som straumkunde.

Frå 1. januar 2012 trer Lov om elsertifikat i kraft
Frå nyttår vert det  innført elsertifikatplikt på kraftleveransar i Norge i likheit med Sverige som har hatt dette sidan 2003. Elsertifikatordninga skal bidra til auka produksjon av kraft frå fornybare energikjelder. Målsettinga er 26 TWh ny fornybar årleg kraftproduksjon til saman i Norge og Sverige innan 2020.

Kva betyr dette for deg som kunde
Luster Energiverk, som kraftomsettar, er sett til å kreve inn elsertifikat på vegne av Staten. Prisen på elsertifikat vil variere, ettersom dei vert omsett i ein marknad. Elsertifikatsystemet har fungert i Sverige siden 2003. Basert på prisanslag derfrå forventast det at ein normalhushaldning må betale ca 0.8-1 øre/kWh eks. mva i 2012. Det er likevel vanskelig å seie kva priskonsekvensane vert på sikt, fordi den auka kraftproduksjonen kan føre til eit overskot av elektrisitet, noko som igjen kan presse straumprisane ned.

Fra 1. januar 2013, har vi sett prisen til 1,2 øre/KWh eks. mva.

Kvifor elsertifikat ?
Norge og Sverige har inngått ein avtale om å starte ein felles marknad for elsertifikat frå 2012-2035. Dette gjer landa for å stimulere utbygging av til saman 26 TWh fornybar energi. Alle nye produsentar av fornybar energi, som vannkraft, vindkraft og bioenergi, kan få selje slike sertifikat. Elsertifikata vert  omsett i ein marknad og blir ei ekstra inntektskjelde for produsentar av fornybar energi, i tillegg til straumprisen. Dermed stimulerer ein utbygging av ny "grøn" kraft.

Kven er kjøparane ?
Det er kraftomsetningselskapa som er pålagt å kjøpe elsertifikat på vegne av forbrukarane som betaler forbruksavgift på elektrisitet. Dette gjeld alle hushaldningar, unntatt dei som i dag har fritak frå forbruksavgift. Vanlege hushaldnings- og bedriftskundar skal ikkje sjølv kjøpe elsertifikat. Det blir i staden inkludert i straumprisen, slik at kraftleverandør kjøper elsertifikat.

Myndighetene har bestemt kor mykje ny kraft med sertifikat kraftleverandørane må kjøpe. Det første året skal 3% av omsetninga ha elsertifikat, stigende til 18% i 2020. deretter fallende prosentandel igjen til null i 2035. Når kraftleverandørane viderefakturerer elsertifikatkostnadane til sine kundar, skal kostnadar som følgjer av elsertifikatplikta inkluderast i prisen ved fastpris- og variable kontrakter, og i påslaget ved spotpriskontraktar.

 


Klikk på logo for å gå heim Logg inn for å redigere