Søk i Luster Energiverk


Søketips




Cruisebåt på Lustrafjorden

Foto Hans A Skagen

Kompensasjon ved straumbrot

Luster Energiverk sine nettkundar kan krevje kompensasjon ved straumbrot over 12 timar. Sjå satsane nedanfor. Dersom straumen kjem og går , vert straumbrotet rekna som  samanhengande om straumen er tilbake i mindre enn 2 timar mellom kvart brot. For fritidsbustad kan ikkje kunden krevje meir enn det som er forventa årleg nettleige.  Det er NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat ) som har innført ordninga. For å få utbetalt kompensasjon skal kunden sende inn krav til Luster Energiverk AS. Skjema finn de under kundeservice.   Her må kunden opplyse om kontonr. som kompensasjonen skal betalast inn på.   Satsane er  :  

-  kr. 600   frå  12- 24 timar. -  kr. 1400  frå  24-48 timar  -   kr. 2700  frå 48 - 72  timar.   

Vidare  + kr.1300 for kvar påbyrja 24-timarsperiode.

Kundar med fleire tilknytta målepunkt kan berre få kompensasjon for 1 målepunkt når det er same hending som førde til straumbrotet. 

Luster Energiverk  tek atterhald om at den ekstraordinære situasjonen kanskje ikkje gjev rett til kompensasjon ved langvarig utkopling i høve stormen Dagmar. Avklaring på dette vil koma like over nyttår.

 


Klikk på logo for å gå heim Logg inn for å redigere