Søk i Luster Energiverk


Søketips




Cruisebåt på Lustrafjorden

Foto Hans A Skagen

Damrehabilitering i Dalsdalen

Orientering om anleggsarbeidet i Dalsdalen sommaren 2011.


Sage kraftverk A/S har i sommar drive med rehabiliteringsarbeid  på reguleringsdammane til kraftverket. Dette gjeld dammane på Kringlevatn og Smørvivatn i Dalsdalen.


Bakgrunn:
Desse dammane vart bygde på 40 talet og bakgrunnen for rehabiliteringa er at dammane ikkje heldt mål etter dagens forskrifter med tanke på stabilitet og flaumavleiing.  Sage kraftverk A/S fekk ut frå dette pålegg frå NVE  om å oppgradere dammane med tiltak, slik at dei stetta gjeldande forskrifter.


Gjennomføringa:
Planlegginga av dette arbeidet og godkjenningsprosessen har gått over fleire år og endeleg godkjenning frå NVE på detaljplanane låg føre 02.05.2011.
 I forkant var det utarbeidt anbodsdokument og jobben hadde vore lyst ut, der fem entreprenørar gav inn pris.  Fjellbygg A/S frå Lyngdal hadde gunstigaste tilbodet og fekk jobben.

 

Oppstarten:
Jobben hadde ein framdriftsplan frå 15. mai til 1. okt. 2011.
Entreprenøren belta gravemaskinene inn på snødekt mark og tok til med arbeidet i mai månad. Dei starta med opprigging av brakker,  kjøkken og matbrakker, dusj toalett og sovebrakker for 16 personar.

 

Bileta syner brakkeleiren og betongarbeid på Kringlevatn.

Jobben var spesiell på det viset at anlegget er veglaust og alt måtte fraktast inn med helikopter.
Ein svært regnfull sommar har òg vore med og gjort arbeidet vanskeleg. På grunn av den svært fuktige sommaren, har me ikkje fått montert luka på Smørvivatn, då vasstanden ikkje har vore så låg at det har vore tilkommeleg.

Utanom denne luka er alt no ferdig og opprydda. Denne lukemontasjen er tenkt utført i slutten av februar 2012, samt bygging av lukehus der inne.
Trass denne regnfulle sommaren har arbeidet gått på ein svært god måte. Det var i utgangspunktet ein svært pressa framdriftsplan på arbeidet, men firmaet Fjellbygg A/S har gjort ein god jobb og komme i mål så langt det let seg gjere.

Aktørar som har vore engasjerte av Sage Kraftverk A/S for å gjennomføre jobben:

• Prosjekt- og byggeleiing: Luster Energiverk A/S ved Arve Kveane
• Driftsansvarleg: Luster Energivek A/S ved Steinar Listou
• Teknisk konsulent: Norconsult A/S
• Byggentreprenør: Fjellbygg A/S
• Levering og montering av luker: Lysaker & Thorrud A/S
• Uavhengig kontroll: Bystøl A/S ved Ragnhild Melheim

 


 

Dam Smørvivatn og Dam Kringlevatn etter ferdig betongarbeid.

 

Last ned orienteringen her i PDF-Format.

 


Klikk på logo for å gå heim Logg inn for å redigere