Ledig stilling
Luster Energiverk AS er eit kraftselskap som er lokalisert i Gaupne i Sogn og Fjordane og har 30 tilsette. Luster Energiverk driv kraftomsetning, nettenester, installasjonsverksemd og utleige av tenester innan småkraft. Det økonomiske fundamentet i selskapet er solid og omsetninga er ca 70 mill.kr.
Luster Energiverk nyttar HMS aktivt for å sikre og ivareta alle tilsette og er tilknytt Sogn Bedriftshelseteneste.
For å gjere oss betre rusta for vidare utvikling søkjer vi :
Økonomi og administrasjonsleiar
Økonomi og administrasjonsleiaren vil ha ansvar for å leie og utvikle administrasjon og selskapet sine funksjonar innan økonomi, administrasjon og kundebehandling. Stillinga rapporterer til E-verksjef og er ein del av selskapet si leiargruppe.
Vi søkjer ein person med økonomisk utdanning frå universitet/høgskule og relevant leiarerfaring. God økonomi- og rekneskapsforståing er viktig. Vi ønskjer ein person med gode samarbeidsevner som kan kommunisere tydeleg og motivere medarbeidarane. Løn etter avtale.
Viktige oppgåver vil bl.a vere rapportering, budsjettering, vidareutvikling av rutinar og kvalitetssystem, samt bistå andre leiarar med analysar og økonomiske styringstal.
Nærare opplysningar om stillingane kan du få ved å ta kontakt med E-verksjef Anders Molland på telefon 916 01 175 eller Styreleiar Stein Bugge Næss på telefon 958 74 596.
Kortfatta søknad med CV kan sendast innan 23 september 2011 til firmapost@lusterenergiverk.no eller som brev til
Luster Energiverk,Gaupnegrandane, 6868 Gaupne.















