Søk i Luster Energiverk


Søketips




Sluttbrukar har rett til å skifte kraftleverandør

Mellom kraftleverandør og sluttbrukar skal det vera ein skriftleg kraftleveringskontrakt før melding om leveringsstart vert sendt. Kraftleverandøren pliktar ved førespurnad å vise kraftleveringskontrakten til myndigheitene. NVE kan pålegge nettselskapet å kontrollere at gyldig kraftleveringskontrakt føreligg før leverigsskifte vert gjennomført.

Luster Energiverk AS aksepterer dato for anleggsovertaking og oppstart inntil 15 virkedagar før motteken melding om leveringsstart.

Luster Energiverk AS vil seinast 2 virkedagar etter motteken melding om leveringsstart sende melding om leveringsstart til leverandør som tek over leveransen og melding om opphøyr til leverandør som avsluttar leveransen.

Kraftleverandør kan etter fullmakt frå sluttbrukar inngå avtale om tilknyting og bruk av nettet på vegne av sluttbrukar.

Dersom sluttbrukar står utan kraftleveringsavtale ved anleggsovertaking og oppstart, vil leveranse skje gjennom Luster Energiverk AS sin leveringsplikt i henhold til energiloven § 3-3. Tilsvarande visst kraftleverandør skulle bli ekskludert frå handel i kraftmarknaden.

Konkurransetilsynet har ei prisoversikt på: http://www.konkurransetilsynet.no/no/Kraftpriser/ som syner kva kraftleverandørar som tilbyr kraft i din kommune.

Fylgjande kraftleverandørar leverer kraft i Luster Energiverk AS sitt konsesjonsområde :

 

 

Hafslund Strøm  AS                  
Energi Salg Norge AS
Fjordkraft AS
Fortum Markets AS
Gudbrandsdal Energi AS
Hallingkraft AS
Helgelandskraft AS
Ishavskraft AS
Kraftinor AS
Rauma Energi AS
Luster Energiverk AS
Max Kraft As
Norges Energi AS
Lærdal Energi AS
Sognekraft AS
Telinet Energi As
Ustekveikja Energi AS
Tussa-24 As
 

 

 

 

 

 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

 

 

 

 

 


Klikk på logo for å gå heim Logg inn for å redigere