Søk i Luster Energiverk


Søketips




Ledig stilling som Prosjektleiar

LUSTER ENERGIVERK AS
Luster Energiverk AS er eit kraftselskap som vart etablert i 1915. Selskapet er lokalisert i Gaupne i Sogn og Fjordane og har 30 tilsette. Luster Energiverk driv kraftomsetning, nettenester, installasjonsverksemd og utleige av tenester innan Småkraft.
Luster Energiverk eig selskapet Luster Småkraft AS saman med Småkraft AS. Luster Småkraft bygger og driv småkraftverk saman med lokale grunneigarar.

Ved småkraftavdelinga søker me etter

PROSJEKTLEIAR

Prosjektleiar vil få ansvar for :

Prosjektering av småkraftverk i samarbeid med interne og eksterne aktørar. Dette omfattar bl.a tekniske berekningar, utarbeiding av utbyggingsplanar og relevante teikningar.

Byggeleiing ved bygging av småkraftverk. Omfang av dette kan den rette vedkommande sjølv påverke.

Me ser etter ein strukturert og sjølvstendig medarbeidar med gode samarbeidsevner som ynskjer fagleg og personleg utvikling i eit interresant miljø.

Ønska kvalifikasjonar :

Utdanning på universitets eller høgskulenivå,
Erfaring frå prosjekteringsarbeid og prosjektgjennomføring.
Relevante kunnskapar innan IT

Selskapet tilbyr konkurransedyktige betingelsar med gode pensjons og forsikringsordningar.
Noko reiseverksemd må påreknast.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med konstituert everksjef
Anders Molland på telefon 57 68 29 00/ 916 01 175

Kortfatta søknad med CV kan sendast innan 23. august 2008 til anders.molland@lusterenergiverk.no eller som brev til
Luster Energiverk,Gaupnegrandane, 6868 Gaupne.

 


Klikk på logo for å gå heim Logg inn for å redigere