Søk i Luster Energiverk


Søketips




Cruisebåt på Lustrafjorden

Foto Hans A Skagen

Slik kan du spare straum!

Luster Energiverk ynskjer å stimulere til energieffektivitet og oppvarming basert på fornybar energi i hushaldningane.

STRAUMUTKOBLING VEITASTROND
Onsdag 20.06.  blir det straumutkobling på strekninga Moane - Stølen frå kl.10.00 - 14.00 p.g.a. arbeid på høgspentlinja. Linja må heile tida reknast som straumførande.

19-06-2013 Les meir


Lustradagane 2013
Luster Energiverk deltok på Lustradagane med stand på tradisjonelt vis. Mange hyggelege folk var innom for ein prat og kaffikopp. Det var også mange som svara på vår uhøgtidlege spørjekonkurranse. Vinnarar av kvar sine 1000 kroner vart i år Knut Heltne, Luster,  Gro Fjøsne , Luster og Jan Andre Kvam, Sogndal.
I tillegg var også stolpeklatring inne att i år. Det var populært, og mange kom seg til topps eller høgt nok til å få ei flott T-skjorte som prov på at dei greidde utfordringa. Sjølv om det av og til var litt grått med kalde vindpust, så vart det totalt sett eit vellukka arrangement.

12-06-2013 Les meir


Vinnarar 01.05.2013
Jan Henning Søvde , Høyheimsvik og Runar Tørvi, Marifjøra vart uttrekt som vinnarar av kvar sine 1000 kr. ved avlesinga 01.05. Nye vinnarsjansar 01.07. for dei som sender inn målaravlesing elektronisk via sms, e-post eller Mi side på www.lusterenergiverk.no.

03-06-2013 Les meir


Generalforsamling

Generalforsamling for

Luster Energiverk AS vert halden på Pyramiden Senterkafe i Gaupne måndag 13.05.2013 kl.16.00

25-04-2013 Les meir


VINNARAR 01.03.2013
Ved avlesing 01.03.2013 var det Roy Sæterbø, Luster og Jan Inge Berget, Jostedal som vart uttrekt og vann kvar sine 1000 kr. Ved å sende inn målaravlesing på sms, e-post eller via mi side kan det vere du som er vinnar ved neste avlesing 01.05.

22-03-2013 Les meir


EL-Sertifikat. Kva betyr det for deg som straumkunde.

22-03-2013 Les meir


Luster Energiverk er vorten Miljøfyrtårnbedrift

Versemda har oppfylt strenge krav til arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport, avfall, utslepp og estetikk. Verksemda kan i tillegg gjennom sin årlege miljørapportering dokumentere verksemdas konkrete miljøprestasjonar.

14-03-2013 Les meir


VARSEL OM STRAUMUTKOBLING

P.g.a arbeid på høgspentnettet, vert det straumutkopling på Hafslo mot Veitastrond torsdag 26. april frå ca kl. 09.00 til ca. kl. 14.00. Arbeidet kan bli avslutta tidlegare og nettet må heile tida reknast som straumførande!

24-04-2012 Les meir


Kompensasjon ved straumbrot

Luster Energiverk sine nettkundar kan krevje kompensasjon ved straumbrot over 12 timar. Sjå satsane nedanfor. Dersom straumen kjem og går , vert straumbrotet rekna som samanhengande om straumen er tilbake i mindre enn 2 timar mellom kvart brot. For fritidsbustad kan ikkje kunden krevje meir enn det som er forventa årleg nettleige. Det er NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat ) som har innført ordninga. For å få utbetalt kompensasjon skal kunden sende inn krav til Luster Energiverk AS. Skjema finn de under kundeservice. Her må kunden opplyse om kontonr. som kompensasjonen skal betalast inn på. Satsane er :

- kr. 600 frå 12- 24 timar. - kr. 1400 frå 24-48 timar - kr. 2700 frå 48 - 72 timar.

Vidare + kr.1300 for kvar påbyrja 24-timarsperiode.

Kundar med fleire tilknytta målepunkt kan berre få kompensasjon for 1 målepunkt når det er same hending som førde til straumbrotet.

Skjema finn de under kundeservice

Luster Energiverk tek atterhald om at den ekstraordinære situasjonen kanskje ikkje gjev rett til kompensasjon ved langvarig utkopling i høve stormen Dagmar. Avklaring på dette vil koma like over nyttår.

29-12-2011 Les meir


Damrehabilitering i Dalsdalen

Sage kraftverk A/S har i sommar drive med rehabiliteringsarbeid på reguleringsdammane til kraftverket. Dette gjeld dammane på Kringlevatn og Smørvivatn i Dalsdalen

21-11-2011 Les meir


Luster Småkraft
Presentasjon av Vanndøla kraftverk og Kvåle kraftverk

20-11-2009 Les meir


Kvåle kraftverk - offisielt opna
Onsdag 18. november vart Kvåle kraftverk offisielt opna. Under tilsyn av grunneigarane, stod styreleiar i Luster Småkraft AS, Rein Husebø , for den offisielle ”knappetrykkinga”. Til stades under opninga var grunneigarar, representantar for utbyggar Luster Småkraft, entreprenørar og leverandørar

20-11-2009 Les meir


Nyheitsarkiv

04-07-2006 Les meir




Klikk på logo for å gå heim Logg inn for å redigere