Diverse
For den som arbeider med kraftverk, er det mange faguttrykk å forholde seg til. Nedanfor er lista opp dei viktigaste
Effekt | Energi eller utført arbeid pr. tidseining. Til vanleg måler ein effekt i kilowatt (KW) eller i kraftbransjen i megawatt (MW). 1 MW = 1000 KW. |
Energi | Straumproduksjonen i løpet av ei viss tidseining. Vanlegvis målt i kilowattimar (KWh) eller i kraftbransjen ofte i gigawattimar (GWh). 1 GWh = 1.000.000 KWh. Eit ”vanleg” hushald brukar årleg om lag 20.000 KWh. |
Spenning | Eit mål for krafta som driv elektrisiteten gjennom leidningen. Vert målt i Volt (V) eller kiloVolt (KV) som er 1000 Volt. |
Mikrokraftverk | Kraftverk med installasjon mindre enn 100 KW. |
Minikraftverk | Kraftverk med installasjon mellom 100 og 1000 KW. |
Småkraftverk | Kraftverk med installasjon mellom 1000 og 10.000 KW. I småkraftprosjektet brukar me til dagleg nemninga ”småkraftverk” om alle kraftverk med installasjon under 10.000 KW (10 MW). |
Inntaksmagasin | Dam av betong eller fyllmassar der vatnet blir samla opp og leia til kraftstasjonen. Det er viktig at inntaket blir utforma slik at ein unngår driftsproblem som at det samlar seg mykje lauv o.l. framfor inntaksrista. For store kraftverk er som oftast inntaket i kombinasjon med ein dam som gjer det mogeleg å regulere vassføringa i vassdraget. |
Røyrgate | Fører vatnet frå inntaket og ned til kraftstasjonen. Til vanleg røyr produsert i plast, glasfiber eller stål. Ved større kraftanlegg går vatnet som oftast i tunnel og sjakt sprengt eller bora ut i fjell. |
Turbin | Maskin der vatnet i eit vasskraftverk vert ført inn på ein eller fleire skovlar festa til ein aksling slik at ein får ein rotasjon som omset energien i vatnet til mekanisk energi. Dei tre hovudtypane av turbinar er Pelton (stort fall), Francis (middels fall) og Kaplan (lite fall). |
Generator | Omdannar mekanisk energi i turbinen til elektrisk energi. |
Transformator | Omdannar elektriske spenningar til eit nivå som er lagleg for transport over store avstandar (22 eller 66 KV) eller til bruk i eit vanleg hus der spenninga er 230 Volt. |