Din energipartner
Mi side

Innlogging Elhub

Søk i nettstaden

Vêrvarsel for Gaupne

06:00 - 12:00 -3 ° 0 mm

12:00 - 18:00 -1 ° 0 mm

18:00 - 00:00 -4 ° 0 mm

Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Skriv ut denne siden

Breheim Nett AS, det nye namnet på nettselskapet vårt

 

No er namnet på Luster Energiverk sitt nye nettselskap klart

Me er stolte og glad over å kunne fortelje at vårt nye namn vert Breheim Nett, som har sin bakgrunn i at kommunen vår Luster ligg omkransa av dei mange fine breane i Jostedalsbreen nasjonalpark, Jotunheimen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark.  

Bakgrunn for at mange nettselskap no endrar namn er at NVE krev at kraft/straumleverandør og nettselskap ikkje kan ha same eller liknande namn eller logo.

Nettselskapet som har monopol på bygging, vedlikehald og drift av straumnett i sitt konsesjonsområde, skal vere nøytrale, og handsame alle straumleverandørar likt. Kravet om ulikt namn/logo, skal gjere det enklare for kundane å forstå forskjellen på nettselskap og straumleverandør.

Vårt mål er å sikra stabil straumforsyning, og samstundes legge til rette  for gode framtidsretta løysingar for å halde nettleiga so låg som mogleg.

 

Gaupne 10.06.2021

Anders Molland

Dagleg leiar

Skrive av Anders Molland torsdag 10 juni 2021
Tilbake