Ledig stilling som Energimontør
Luster Energiverk AS er eit kraftselskap som er lokalisert i Gaupne i Sogn og har 30 tilsette. Luster Energiverk driv kraftomsetning, nettenester, installasjonsverksemd og utleige av tenester innan småkraft.
Luster Energiverk nyttar HMS aktivt for å sikre og ivareta alle tilsette og er tilknytt Bedriftshelse1.
Til å vera med å utvikla nettavdelinga vidare søker me :
Energimontør
Arbeidsoppgåvene vert frå montasje på større prosjekt til service og vedlikehaldsoppdrag. Ein må pårekna deltaking i vaktordning.
Me ser etter ein strukturert og sjølvstendig medarbeidar med gode samarbeidsevner som ynskjer fagleg og personleg utvikling i eit interessant miljø.
Ønskte kvalifikasjonar :
Fagbrev energimontør.
Førarkort klasse B.
Selskapet tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med Hallgeir Hatlevoll på telefon 917 63 755 eller Anders Molland på telefon 916 01 175.
Kortfatta søknad med CV kan sendast innan 31.januar 2020 til firmapost@lusterenergiverk.no eller som brev til
Luster Energiverk, Gaupnegrandane 4, 6868 Gaupne.