Din energipartner
Mi side

Innlogging Elhub

Søk i nettstaden

Vêrvarsel for Gaupne
Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Skriv ut denne siden

Nytt regelverk frå 1.februar 2019 - Elhub

Elhub skal vere operativt frå og med 18.februar i 2019. Det er ein it-løysing som gjer at alle nettselskap og straumleverandørar i Noreg får lik tilgang til informasjon om straumkundanes forbruk, måleverdiar og kontaktinformasjon.

 

Elhub skal bidra til at det blir eit klarare skilje mellom kva straumleverandørane skal hjelpe deg med og kva nettselskapa skal hjelpe deg med.

 

Frå 1.februar 2019 skal dykk som kunde ta kontakt med straumleverandøren om dykk ynskjer å endre kontaktinformasjon, melde flytting, seie opp abonnement eller bestille abonnement. Straumleverandørane sender denne informasjon deretter opp til Elhub som er basen som nettselskap hentar ned eller får tilsendt oppdatert informasjon frå.

 

Kunden skal ta kontakt med Luster Energiverk Nett AS når det gjeld til dømes følgande:

 

-      Bygge og knytte nybygg til straumnettet

-      Endre eller auke effekten på det elektriske anlegget

-      Legge om eller flytte eksisterande nett

-      Endre frå 1-fase til 3-fase

-      Legge om frå luft til kabel med og utan auke av overbelastningsvern

-      Levere melding om å rive

-      Sjekke forbruket du har hatt hos ein tidlegare straumleverandør

-      Sjekke forbruket for periodar der du ikkje har hatt straumleverandør

-      Spørsmål vedrørande noko knytta til sluttfaktura for nettleige

-      Melde om farlege forhold i nettet

-      Melde om eller sjekke status på straumbrot.

 

Kundar vil også ha høve til å logge inn på ELHUB og sjå måleverdiar og den informasjon som er registrert på dykk som kunde. Dykk kan bruke følgande link plugin.elhub.no og deretter logge inn med BankID eller den innloggingsmetoden som dykk ynskjer.  

Skrive av Erlend tirsdag 29 januar 2019
Tilbake